Verdsrekord til Sydpolen 2024

Kva?

Med det norske flagget på bringa, på pulken og i hjarta er det neste målet klårt: 

Verdas raskaste mann til Sydpolen nokosinne frå Hercules Inlet til 90 grader sør.

Kan ein halvtrent arbeidshest/heiltent harding makta gå 53,8 km kvar dag og enda opp på Sydpolen under 22 dagar?

Kven?

AK Glück-Teigland frå Øystese, Hardanger. Oppvaksen på gard. Speidarrøynsle frå 1992 og smalajag med lokale bønder med dongeribukse og hogststøvlar i bratte brot i 1996. Sans for heavy metal, indiepop og tysk elektronika. Gjennomførte ekspedisjon til Sydpolen i 2022/2023 og naut det.

Fyndord:

«Seige spenar mjølkar best»

Kvar?

Ruta går frå Hercules Inlet og er 1130 km lang og er gjerne rekna som hovudruta til Sydpolen. Frå starten i den indre kystlinja går kursen beint mot 90 grader sør og 2800 moh. Entréen vert via Punta Arenas i Chile til basen Union Glacier og til startpunktet.

Kvifor?

Nordmannen og polarlegenda Christian Eide hadde inntil 2024 rekorden på 24 dagar. Franskmannen Vincent Colliard flytte grensene for kva som er mogeleg og senka i januar rekorden til Sydpolen til 22 dagar, 6 timar og 8 minuttar. Det er ei sterk bragd og ein polarhistorisk milepåle. Det er berre å gratulera til ein stor og raus mann. 

Målet mitt er det same, men motivasjonen er auka og er no eit nasjonalt anliggande. Noreg har lang og tung tradisjon i Antarktis og det er ei ære å trykka flagget til bringa og bryta laus på utfordringa med å henta rekorden heim. 
Norsk polartradisjon er tungt tufta i Antarktis og skal heidrast undervegs og skubbast framom skia i eit mål om å gå til Sydpolen med snitt 53,8 km per dag og igjen planta det norske flagget på Sydpolen. 

Korleis?

Strategien er nådelaus: alle etablerte sanningar skal utfordrast. Både utstyr, rutinar, trening og ernæring skal radbrekkast, finslipast og iverksetjast som eit banebrytande polart handverk.

Vitneprov:
Med flagget på bringa og handa på hjarta