
Sponsorar
Ekspedisjonen samarbeider med partnarar som gjensidig kan hausta åtgaum ut frå ekspedisjonen, samt identifisera seg med verdiane som ligg til grunn for ekspedisjonen:
Nytenkjande // Utforskande // Uredd
-
Bryn performance er eit prestasjonsmiljø som bistår verksemder og leiarar med å styrka laget, fremja prestasjonar og byggja kultur.
Selskapet er leia av Bjørn Magne Bryn, som har to tiår med røynsle innan tryggleiksleiing, prestasjonstrening, coaching og ekstremsport. Les mer om våre folk lenger nede på siden.
BRYN Consulting byggjer på ressursar med røynsle fra oppstartselskap, forvaltning, offshore-sektoren og toppidrett.
-
Valet på ski er naturleg. Åsnes har produsert kvalitet i 100 år og er ein berebjelke i norsk skihistorie. Dei fyrste brørne Åsnes var ein del av produksjonsteamet på Hagen Skifabrikk som produserte ski til både Nansen og Amundsen frå 1910. Med solide føter i historia og med eit offensivt blikk på framtida er eg kry av å gli av garde over Antarktis på nyutvikla ski frå Åsnes. Skiprodusenten frå Voss er hovudsponsor av «AK til Sydpolen».
-
Ernæring er svært viktig i førebuingane til ein stor tur og krill frå Antarktis er eit svært viktig tilskot i å byggja formen og redusera restitusjonen. Desse førebuingane har gått over eit år.
-
Tekstilleverandør med sterk historisk forankring. Samarbeidspartnar med AK gjennom fleire år, gjennom ei rekkje prosjekt og stunt.
-
Ny og aktiv klokkeprodusent med særskild vekt på ekspedisjonsklokker. Hadde 50 klokker over Grønlandsisen i mai 22. Skal ha 50 norskproduserte klokker i titan til Nordpolen, K2 og Mount Everest i 2023. Nansen-klokka var med til Antarktis 2023 og ei ny klokke vert med AK til Sydpolen.
-
Kompromisslaus kvalitetsconnosieur. Norskproduserte pulkar som toler dei barskaste område. Acapulka forsyner «AK til Sydpolen» med spesiallaga pulk tilpassa rekordforsøket.
-
100 % norsk vatn i innovative kartongar til verda!
-
Unik norsk samarbeidspartnar med kompromisslaust fokus på kvalitet og dygd. Bidreg med verdas mest solide langrennsko i rekordforsøket.
-
Unik norsk samarbeidspartnar med kompromisslaust fokus på kvalitet og dygd. Er bidragsytar med tilpassa lettvektstelt i verdsklasse.